Solberg: – Ikkje vurdert å skilje meg
På spørsmål om skilsmisse er ei løysing for Erna Solberg svarer Høgreleiaren avkreftande.
– Vi har eit så sterkt ekteskap at eg ikkje har vurdert å skilje meg. Samstundes er eg opptatt av at slike avgjerder ikkje skal takast medan det brenn, seier Solberg.
Dei siste dagane har Høgreleiaren brukt i Bergen saman med ektemannen Sindre Finnes.
– Ein viktig del har vore å halde seg litt vekke frå media og fokusere på andre ting, seier Solberg i NRK Debatten.