Slagsmål i Arna: Mann skal ha trua med øks
Politiet rykka ut til Ytre Arna i Bergen like etter klokka 20:30 fredag kveld etter melding om slagsmål i ei bustadblokk.
Då politiet kom fram til staden observerte dei blodflekkar på golvet. Dei kom så i kontakt med ein mann som blødde frå ansiktet.
– Det skal vera snakk om to menn som vart trua av ein annan mann med øks. Dei to skal ha slått til mannen i sjølvforsvar, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.
Mannen som skal ha trua med øks er no sendt til sjukehus. Han er kjent for politiet frå før.
Dei to andre mennene blir nå avhøyrde av politiet.