Røykutvikling frå tak i Sandviken var truleg frå skorstein
Naudetatane rykkjer ut til Sandviken etter melding frå røykutvikling frå taket på ei blokk på fem etasjar. Brannvesenet er på staden. Evakuering er starta, melder politiet. Sandviksveien er stengd for trafikk. Omkøyring er via Fløyfjelltunnelen.
– Ein innringar meldte at det kjem røyk frå taket og at det lukta svidd i gangen, seier vaktkommandør Jostein Steinsland Hauge i 110 Vest.
Brannvesenet er framme på staden.
– Dei finn ikkje varme på loftet, seier Hauge. Truleg er det røyk frå ein skorstein som er observert.