Birgit Skarstein kåra til årets kvinnelege parautøvar
0
Birgit Skarstein blei kåra til årets kvinnelege parautøvar under Idrettsgallaen 2024 i Trondheim Spektrum.
Skarstein rodde i september inn til sin sjette VM-tittel, og det var langt frå det einaste ho gjorde: 2023 blei eit fantastisk år for trønderen. I mai tok ho sitt tredje strake EM-gull. Ein månad seinare sette ho verdsrekord i pararoing.