Følgjer opp elevar etter drap
0
Øygarden kommune har gjennomført og vil halda fram med særskilde tiltak retta mot elevane på ein skule i kommunen. Det opplyser kommunen i ei pressemelding måndag kveld. Bakgrunnen er at ei kvinne blei funnen drepen i Øygarden sundag. Dei som ønskjer å snakka med nokon etter det som har skjedd, kan kontakta Øygarden legevakt på telefon 116117.