USAs forsvarsminister er framleis innlagt på sjukehus
Lloyd Austin, USAs forsvarsminister, er framleis innlagt på Walter Reed militærsjukehus. Helsa skal vere god, opplyser sjukehuset.
22. desember gjekk Austin gjennom eit mindre inngrep som behandling for prostatakreft. Første nyttårsdag blei forsvarsministeren innlagt på intensivavdeling etter ein urinvegsinfeksjon knytt til inngrepet.
Prostatakreften og innlegginga blei ikkje Det kvite hus informert om før tysdag denne veka. Hemmeleghaldet har skapt hovudbry for ministeren.
President Joe Biden krev openheit frå Austin, men vil behalde han i stillinga som USAs forsvarsminister.