Elev i Nordre Follo til sjukehus etter å landa på kniv i tjukkas
Ein ungdomsskuleelev ved Siggerud skole i Nordre Follo blei sendt til sjukehus med stikkskadar etter å ha hoppa på ein tjukkas i gymtimen, melder Østlandets Blad.
Inne i tjukkasen låg det ein kniv som eleven landa på.
– Det er ein elev i 14–15 års alderen som landet på kniven. Eleven er frakta til Ullevål sjukehus, seier operasjonsleiar i Øst politidistrikt Ronny Samuelsen.
Eleven skal ha fått kniven i ryggen, og det var ein del blod på staden, fortel seksjonsleiar for nærpolitiet Marius Gunnerud til Østlandets Blad.
Politiet seier til NRK at dei ser alvorleg på hendinga.
– Vi ser alvorleg på dette og håper vi kan finne ut kven gjerningspersonen er, seier Samuelsen.
Det er ikkje kjent kor skadd eleven er, eller korleis kniven hamna inne i madrassen.