Tine håper på normal tilgang på mjølk i mars
0
Konsernsjef Ann-Beth Freuchen i Tine seier til NTB at dei håper at tilgangen til mjølkeprodukt skal ha normalisert seg i løpet av mars.
Det har vore stor misnøye med at Tine har hatt vanskar med å produsere nok mjølk.
Leiinga i Tine var tysdag kalla inn til landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) for å svare for krisa.
Pollestad seier han har stilt spørsmål om korleis ein kan unngå at dette skjer igjen.