Kjerkol avviser at ho har kopiert andre sine masteroppgåver
Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) møtte i kveld i Dagsrevyen, etter at fleire mediehus fann tekstlikskapar med andre akademiske tekstar i masteroppgåva ho leverte saman med ein medstudent i 2021.
Der avviste ho at masteroppgåva er kopiert frå andre studentar. Helseministeren si forklaring på likskapane er at dei brukte same metode som hadde blitt brukt i andre oppgåver.
På spørsmål om ho hadde snakka med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) om stillinga si, svarte Kjerkol:
– Eg snakkar med sjefen min heile tida, men eg meiner at den oppgåva me leverte til sensur er basert på ei unik problemstilling, unik data, så eg står inne for det eg har levert, seier Kjerkol i Dagsrevyen.