Frp seier det er for tidleg å kommentera Kjerkol si sak
Andre nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Bård Hoksrud (Frp), seier han synest det er for tidleg å kommentera helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) si sak om tekstlikskaper i masteroppgåva hennar.
– Men uansett er dette trist for politikken. Det har vore seks statsråder som har måtta gå av, og det er synd. Eg tenker også på dei som står midt oppi dette, for det er tøft som mennesker, seier Hoksrud til NRK.