Noreg ønsker å arrangere humanitær konferanse for Gaza
Utanriksminister Espen Barth Eide deltar måndag og tysdag i FN-møte i New York.
Måndag har han hatt fleire bilaterale møte, og vil etter kvart halde eit innlegg i Tryggingsrådet om situasjonen i Midtausten.
Til NRK fortel Eide at han i sitt innlegg i Tryggingsrådet på nytt vil understreke behovet for ei akutt våpenkvile og ei tostatsløysing.
Utanriksministeren kan også fortelje at Noreg ønsker å vere vert for ein humanitær konferanse i samband med attoppbygginga av Gaza:
– Humanitære organisasjonar og Noreg er i nær kontakt om korleis vi kan bidra til dette.
– Vi ser for oss å ta initiativ til ein eigen humanitær konferanse i nær framtid, for å samle kreftene, seier Eide til NRK.
Han kallar heile situasjonen for eit helvete, og ber om at FN-møta vil føre partane nærare løysingar:
– Ein kan ikkje fordømme seg til fred.