Fleire personar blir varetektsfengsla
0
Fleire personar er pågripne i saka rundt produksjon av narkotika i Ørsta. Dei pågripne blir framstilte for varetektsfengsling laurdag. Politiet seier til NRK at endå fleire personar skal bli pågripne, men at desse har gjort seg utilgjengelege etter at saka vart kjent. Laurdag arbeider politiet med å prøve å spore opp og pågripe desse personane. Politiet uttaler at dei ikkje vil gi meir informasjon om saka no.