Brann i leilegheitsbygg i Bergen
Det starta å brenne i eit leilegheitsbygg i Michaels Krohns gate i kveld. Brannen starta i ein sofa og er no sløkt.
Ein person er frakta til Haukeland sjukehus fordi han har pusta inn ein del røyk. Mannen var til stades i leilegheita då det byrja å brenne. Han er vaken og medviten.
Ifylgje 110 Vest meldte ein innringar om opne flammar i 2. etasje.
Brannen vart raskt sløkt av røykdykkarar.
Bygget har fleire leilegheiter. Leilegheita er søkt gjennom, og det er ikkje funne andre personar der, melder Vest politidistrikt.
Det er ikkje meldt om sakna.