USA med sanksjonar mot israelske busetjarar
USA innførte torsdag sanksjonar mot fire israelske busetjarar på grunn av angrep på palestinarar, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Amerikanske medium melde tidlegare at det var venta at president Joe Biden ville senda ut ein presidentordre retta mot israelske busetjarar som angrip palestinarar på den okkuperte Vestbreidda.
No skriv altså nyheitsbyrået Reuters at sanksjonane er innførte.
Dei fire busetjarane har ifølgje ordenen vore involverte i valdshandlingar, truslar og forsøk på å øydeleggja eller leggja beslag på palestinsk eigedom. Sanksjonane tek sikte på å blokkera dei fire frå å bruka det amerikanske finanssystemet og hindra amerikanske borgarar å handla med dei.
Dei fire har i tillegg til økonomiske sanksjonar fått innreiseforbod til USA.
Tiltaket kjem etter at Biden og andre høgtståande amerikanske tenestemenn gjentekne gonger har åtvara om at Israel må gjera meir for å stansa vald frå israelske busetjarar mot palestinarar på den okkuperte Vestbreidda.
– Valden har nådd utolelege nivå, seier Biden.
Valden på Vestbreidda har auka i både omfang og intensitet sidan 7. oktober. Sidan då er over 370 palestinarar drepne av israelske soldatar og busetjarar.
(NRK/NTB)