100 skademeldingar etter «Ingunn»
0
Forsikringsselskapet Tryg har per i dag klokka 16.00 fått 100 skademeldingar etter uvêret «Ingunn». – Det er ei tredobling sidan i dag tidleg, og vi har aukande pågang med skademeldingar, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i ei pressemelding. Skadesakene er geografisk jamt fordelt på strekninga Bjørnafjorden i sør til Lofoten i nord. I hovudsak er det takskader Tryg har fått meldingar om.