Trond Giske vald på ny som leiar for Nidaros sosialdemokratisk forum
Torsdag kveld blei Trond Giske vald på ny som leiar for lokallaget i Arbeidarpartiet.
– Det er medlemmane som bestem i Nidaros og me har fått nye og flinke styremedlem inn i laget.
Det seier ein fornøgd Giske etter årsmøtet.
– 1500 auke i medlemstala i løpet av 2023, så me er i medvind, legg lokallagsleiaren til.
Med eit godt år bak seg, er Giske klar for å leie lokallaget vidare.
– Me skal den innflytelse som størrelsen vår tilseier. Me har 4482 medlemmar, me er like stor som dei største fylkespartia. I Trondheim har me nesten 1700 medlemmar og det er klart at dei skal høyrast.