Evakuerer naboar på grunn av brann
Brannvesenet har evakuert folk i ei leiligheit i eit nabobygg til huset der det brenn i Stordal. Ifølgje politiet vil brannvesenet sjekke om det er røykskadar i nabobygget. Det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg, opplyser operasjonsleiar Eivind Klokkersund.
To personar skal ha fått i seg røyk under brannen.
Fem menneske bur i huset der det har brunne, politiet seier brannvesenet har kontroll og at det framleis er røyk.