Skule i Bergen evakuert etter røyk på toalett
0
Holen skole på Laksevåg i Bergen er evakuert etter melding om røyk og mogleg brann på eit toalett.
Ein vaksen person har pusta inn ein del røyk i samband med sløkking, melder politiet.
Politiet skriv på X at brannen er sløkt, og dei evakuerte kan nå returnere. Det skal ha vore brann på eit toalett i andre etasje.