Skip har grunnstøytt sør for Bergen
Det nederlandske fraktskipet Stavfjord har gått på grunn på Grovaneset ved Langenuen i Tysnes sør for Bergen, det får NRK stadfesta av Hovedredningssentralen Sør-Noreg.
TV 2 omtala grunnstøytinga først.
– Dei har ei lita vatninntrenging framme og eit lite rorproblem, men utover det har dei kontroll. Dei flyt og har kontroll på personell, og det er ikkje nokon fare for dei, seier vakthavande redningsleiar Thomas Bruvoll til NRK.
Ingen av dei ni om bord er skadde. Redningsskøyte og kystvaktskip er på veg for å slepe til kai. Frakteskipet er 114 meter langt.
Skipet ligg midt i fjorden, like nord for der ferja mellom Huglo og Hodnanes går, ifølgje skipperen på MF Julsund. Han ønsker ikkje namnet sitt på trykk.
– Båten ligg eit godt stykke frå land og det går fint an å segle forbi, seier skipperen.
Skipet var på veg frå Bodø til Holmestrand, ifølgje marinetraffic.com.