Helikopterstyrten: Ytterlegare ein person skriven ut frå sjukehuset
Av dei fem mennene som har vore innlagde på Haukeland sjukehus i Bergen etter helikopterstyrten vest for Øygarden på onsdag, har ein person til blitt skriven ut frå sjukehuset.
Det stadfestar arbeidsgivaren hans, Bristow Noreg, til NRK laurdag kveld.
– Eg er takksam for at vi per no har tre kollegaar som er skrivne ut frå Haukeland, skriv administrerande direktør Heidi Wulff Heimark i ei tekstmelding.
– Utover dette ønsker vi ikkje å dele helseinformasjon.
NRK har vore i kontakt med Helse Bergen om dei innlagde personane tidlegare laurdag, men blitt bedne om å kontakte selskapet.