Brukte politidrone for å finne sjåfør som stakk etter krasj
0
Politiet har funne sjåføren som stakk etter å ha krasja ein bil i eit autovern ved Vaksdal. Mannen køyrde vidare og forlet bilen ved Romslo. Politiet fekk opplysningar om at han bevega seg mot toglinja, og varsla om moglege forseinkingar i togtrafikken. Så vart mannen funnen i jernbanesporet ved hjelp av politihund og politidrone, opplyser Vest politidistrikt. Toga vil snart gå som normalt.