USA vil evakuera amerikanarar frå Haiti
Det amerikanske utanriksdepartementet seier dei held på å organisera helikopter-turer til å evakuera amerikanske innbyggjarar frå Haitit, melder nyheitsbyrået Reuters.
Republikken i Karibia har i årevis vore herja av kriminelle bander som kontrollerer store deler av landet, inkludert hovudstaden Port-au-Prince. Hittil i år har 1200 menneske blitt drepne. Tidlegare i mars gjekk statsminister Ariel Henry av etter press får ein tidlegare viktig kuppleiar og gjengane sjølve.