Fleire har lagt ned blomster ved Windsor Castle
Fredag kveld kom nyheita om at prinsesse Kate er diagnostisert med kreft og får no cellegiftbehandling.
Fleire har lagt ned blomster og helsingar til prinsessa utanfor Windsor Castle laurdag.
Prinsesse Kate har fått mange støttehelsingar frå heile verda sidan nyheita kom.
Dei siste månadane har derimot det britiske kronprinsparet fått sterk kritikk etter ein bildeskandale på Instagram. Prinsesse Kate hadde nemleg redigert eit familiebilde som ho la ut i høve morsdag.
Fleire konspirasjonsteoriar har også spreidd seg om prinsessa, då ho var ikkje å sjå i offentlegheita etter mageoperasjonen tidlegare i år.
Etter nyheita om kreftdiagnosen, har fleire kjendisar beklaga etter kritikken.