Havarikommisjonen med bilde av lokomotivet
Havarikommisjonen er søndag etttermiddag ferdig med sine undersøkingar etter godstogulukka ved Arna stasjon i Vestland før helga. Dei har no frigitt eit foto av lokomotivet inne i tunnelen.
– No startar arbeidet med å sette saman informasjonen vi har samla for å forstå kvifor dette kunne skje, seier Ida H. Grøndahl, avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, til NRK.
Dei skriv på nettsida si at passasjertoget som stansa lenger inne i tunnelen, gjorde det «om lag 1 km frå godstoget», og ikkje 500 meter som tidlegare er blitt opplyst av naudetatar.
– Det er ikkje så lite som 500 meter. Vi vil komme med nøyaktig avstand i rapporten vår. Om lag ein kilometer unna er det mest nøyaktige vi vil gå ut med no, seier Grøndahl.