Skal merke KI-innhald
0
Facebook- og Instagram-giganten Meta sa fredag at dei vil begynne å merke KI-generert innhald frå mai.
KI står for kunstig intelligens.
Årsaka er at dei prøver å forsikre brukarar og myndigheiter om risikoen for falske nyheiter og innhald.
Dei la til at dei ikkje lenger vil fjerne manipulerte bilde og lydar som elles ikkje bryt reglane, og i staden stole på merking, for ikkje å krenke ytringsfridommen unødvendig.