Manglar mykje egg
0
Nortura seier det vil mangle nesten 3000 tonn egg i Noreg i år. Det er ei større underdekning enn det som tidlegare er kjent.
I den førre prognosen frå Nortura var underdekninga berekna til om lag 2000 tonn.
Eit gjennomsnittleg egg veg 63 gram, det betyr at underdekninga svarer til over 46 millionar egg, eller over 7,6 millionar eggkartongar som inneheld seks egg, skriv Nationen.
(NTB)