Gut påkøyrd av bil i Fyllingsdalen
0
Ein gut er påkøyrd av ein bil i Fyllingsdalen torsdag morgon. Ulukka skal ha skjedd ved eit gangfelt, opplyser politiet.
Guten skal vera vaken og medviten, og det var sjåføren sjølv som varsla naudetatane. Politi og ambulanse er på veg til staden.
Ulukka står ikkje fram som alvorleg, opplyser politiet.