Vil avsetje styret i Helse Midt-Noreg
Framstegspartiet vil både skrote journalsystemet Helseplattforma og avsetje styret i Helse Midt-Noreg.
Det framgår av eit representantforslag som er levert i Stortinget i dag.
– Dei ansvarlege for innføringa av Epic-systemet i Midt-Noreg var godt kjende med åtvaringane og gjorde ei utilgjeveleg feilvurdering då Epic blei valgt, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug (Bildet).
Helseplattforma har blitt dyrare enn planlagt og ifølgje riksrevisjonen trugar systemet pasienttryggleiken.