Det kvite huset vil endre presserommet
Det kvite huset vil ta kontrollen over presserommet og ikkje lenger la pressa sin eigen organisasjon bestemme kva plassar journalistar frå dei ulike media får under pressebriefar.
Det seier lukka kjelder til CNN og Axios. Det kvite huset har ikkje stadfesta dette.
Presseklubben i Det kvite huset reagerer likevel:
– Det kvite huset bør droppe dette forsøket og vise det amerikanske folket at dei ikkje er redde for å forklare sin politikk via spørsmål frå ei presse som er uavhengig frå myndigheitene, seier dei i ei utsegn.
Trump-administrasjonen har vore kritisk til klubben sidan dei tok over i januar. I februar trekte dei pressetilgangen til The Associated Press (AP), som hadde dekka Det kvite huset i hundre år.