Haram Høgre: Blir utestengde frå eige parti
Bjørn Sandnes (bilde) og Jan Inge Johannesen er suspenderte frå Haram Høgre i 12 månader. Det bekreftar Johannesen til NRK. Årsaka skal vere at dei to har stemt mot resten av Høgre-gruppa i både budsjettsaker og bygging av badebasseng i kommunen.
Kathrine Beite, gruppeleiar i Haram Høgre, seier dette om utestenginga.
– Sandnes og Johannesen er suspenderte på grunn av brot på Høgre sine reglement og etiske retningslinjer. Utover det har eg ingen kommentar, seier ho til NRK.
