Kommuneoverlege ber arrangør avlyse russetreff
Kommuneoverlege Karin Møller i Hallingdal og Valdres ber arrangøren av ein utandørs festival for russ på Geilo om å avlyse arrangementet, melder Bergens Tidende.
Det er venta ned mot 15 minusgrader under festivalen, og kommuneoverlegen seier faren for akutt nedkjøling aukar med høgt inntak av alkohol.
Helsestyresmaktene meiner også at arrangementet ikkje er planlagt godt nok og godt nok dimensjonert.
Dagleg leiar i Nordic Russ, Karl-Kristian Kristensen, seier til BT at dei ikkje er samd i kritikken, og at dei er engasjert for å gjere arrangementet tryggare.
