Slik blir MGP-scenen
NRK gjer seg no klare for å innta Håkons Hall i februar for MGP-finalen.
– Scenen blir storslått, noko han må vere når Noregs største underhaldningsshow går av stabelen, seier MGP-general Mads Tørklep.
Publikum kan vente seg både gåsehud og folkefest når Noregs største underhaldningsshow går av stabelen om ein dryg månad.
Kreativ sjef, Mona Berntsen, jobbar i desse dagar med å leggje siste hand på verket framføringane og showet.
– Det blir ei stor mellomakt der heile Lillehammer vil vere med på å lage fest i salen. Meir kan eg ikkje røpe førebels, seier ein løyndomsfull MGP-general.
Her er alle finalistane.
