Alessandra med på feiring av 70 år med Eurovision
Eurovision fyller 70 år i år og skal markere det mellom anna med ein stor turné med legendariske Esc-artistar.
No er dei første artistane sleppt, og Alessandra frå Noreg er på lista. Ho vann MGP i 2023 med låten «Queen of Kings».
Med på den første lista er mellom andre også legenda Johnny Logan, finske Lordi og engelske Katrina frå «Katrina & the Waves».
Turneen vil vitje 10 storbyar mellom 15. juni og 2. juli. Blant anna London, Stockholm, Milano og København.
