Spellemannprisen tilbake på NRK
0
Årets utdeling av Spellemannprisen blir sendt på NRK søndag 22. mars.
Mari Garås Monsson og Tete Lidbom leiar sendinga frå Den Norske Opera & Ballett.
I år skal alle kategoriar og prisvinnarar vere med i TV-sendinga.
Dei nominerte til Spellemann 2025 blir presentert 12. februar.
Spellemannprisen blir arrangert av Spellemann AS, som er eigd av bransjeorganisasjonane IFPI og FONO.
