Nordmenn har blitt betre til å bruke kondom
0
Noreg er ikkje lenger dårlegast i Norden til å bruke kondom. Kondombruken i landet er på sitt høgste på fem år, skriv rfsu i ei pressemelding.
Særleg blant unge har bruken av kondom auka. Blant 16 til 20 åringar auka bruken frå 62 til 73 prosent. For unge mellom 21 og 35 år var auken på 3 prosent.
– Sex skal vere fint og gøy, og det blir det når vi tar aktivt ansvar for eiga seksuell helse, seier Pål Hansen i rfsu.
