Eksplosjonsfare etter at bil har gått rundt ved Atlanterhavsvegen
Politiet melder om at ein bil har gått rundt utanfor vegen ved Atlanterhavsvegen.
Alle fire som var i bilen er ute, og ifølgje politiet framstår dei ikkje alvorleg skadde.
Bilen ligg ifølgje politiet 100 meter frå vegbana, i fjøresteinane.
Operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes seier dette kan gje ein indikasjon på farta.
Det er 80 km/t på staden.
Bilen skal ha treft ein trafostasjon, og brannvesenet arbeider med skadar på den, opplyser politiet.
