Noreg og Tyskland inngår samarbeidsavtale
Laurdag skreiv forsvarsministrane Tore O. Sandvik og Boris Pistorius under på ein historisk forsvarsavtale, som har fått namnet «Hansa arrangement», skriv regjeringa i ei pressemelding.
– Det er viktigare enn nokon gong at landa i Europa samarbeider tett om vår felles tryggleik, seier Sandvik.
Sandvik understrekar at Tyskland er ein av Noreg sine viktigaste allierte i Europa og EU.
– No tar vi det tette og sterke samarbeidet eit skritt vidare, seier han.
