Добавить новость
103news.com
World News in Norwegian
Март
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Svenskane suverene på stafetten – Opptur for Tandrevold

0

Noreg var revansjelystne etter OL-stafetten, men det vart for langt opp til dei argaste konkurrentane Frankrike og Sverige under kvinnestafetten i skiskyting i finske Kontiolahti.

Dei følgde kvarandre tett gjennom dei første etappane, men Knotten fekk for mange bom på Noregs tredje etappe.

– Eg skulle gjerne gjort at me hadde vore i faiten med Frankrike og Sverige til siste slutt, men eg får ikkje til jobben min i dag på standplass, sa Knotten til NRK etter løpet.

Sverige og Hanna Øberg stakk frå i tet og bak følgde Frankrike med Océane Michelon. Det vart også sluttresultatet.

Maren Hjelmeseth Kirkeeide gjekk ut i fjerdeposisjon med klatra forbi Tsjekkia og opp på pallen.

– Me har tre av fire jenter som gjer ein kjempejobb. Det er derfor me er på pallen i dag, sa Knotten.

Frankrike vann den totale stafettcupen samanlagt framfor Sverige og Noreg.

Ingrid Landmark Tandrevold fekk sjansen på 2. etappe og det var venta stor spenning rundt henna ståandeserie.

Tandrevold hadde ein treffprosent på 48,5 på stå i stafett før dagens løp.

Ho trengde berre eit ekstraskot og gjekk ut i tet med dei to rivalane hakk i hel.

– Eg var bekymra for at hun gikk hardt i front, men viste seg å kanskje vere riktig taktikk, sa trenar Siegfried Mazet til TV 2 etter skytinga.

– Det var skikkeleg gøy å få til eit godt skirenn igjen, sa Tandrevold til NRK.

Ho vart vraka frå stafettlaget i OL. Juni Arnekleiv fekk sjansen i staden.

– Eg var heldig som fekk høve til å gå i dag, og eg ville visa at eg også kan gå gode stafettar, fortsatte Tandrevold.

Noreg stilte med Marthe Kråkstad Johansen, Ingrid Landmark Tandrevold, Karoline Knotten og Maren Hjelmeset Kirkeeide på siste etappe.







Губернаторы России





Губернаторы России

103news.net – это самые свежие новости из регионов и со всего мира в прямом эфире 24 часа в сутки 7 дней в неделю на всех языках мира без цензуры и предвзятости редактора. Не новости делают нас, а мы – делаем новости. Наши новости опубликованы живыми людьми в формате онлайн. Вы всегда можете добавить свои новости сиюминутно – здесь и прочитать их тут же и – сейчас в России, в Украине и в мире по темам в режиме 24/7 ежесекундно. А теперь ещё - регионы, Крым, Москва и Россия.

Moscow.media


103news.comмеждународная интерактивная информационная сеть (ежеминутные новости с ежедневным интелектуальным архивом). Только у нас — все главные новости дня без политической цензуры. "103 Новости" — абсолютно все точки зрения, трезвая аналитика, цивилизованные споры и обсуждения без взаимных обвинений и оскорблений. Помните, что не у всех точка зрения совпадает с Вашей. Уважайте мнение других, даже если Вы отстаиваете свой взгляд и свою позицию.

Мы не навязываем Вам своё видение, мы даём Вам объективный срез событий дня без цензуры и без купюр. Новости, какие они есть — онлайн (с поминутным архивом по всем городам и регионам России, Украины, Белоруссии и Абхазии).

103news.com — живые новости в прямом эфире!

В любую минуту Вы можете добавить свою новость мгновенно — здесь.

Музыкальные новости




Спорт в России и мире



Новости Крыма на Sevpoisk.ru




Частные объявления в Вашем городе, в Вашем регионе и в России