Knust av Canada etter «kunststein»: – Turneringas stein
Canada tok tidleg kontroll og vann mot Noreg i curling i Paralympics.
– Planklekøyring, sa kommentator Patrick Rowlands då Canada trefte perfekt på Noreg sin sistestein og skaffa seg to poeng halvvegs i kampen.
Dei klarte også å skaffe seg sistestein i den sjette omgangen.
Canada storspelte i den sjette omgangen og med tre steinar att sendte dei ein stein millimeter frå guarden. Han kom seg gjennom og dunka ut to norske steinar.
– Gratulerer! Dagens stein, om ikkje turneringas stein, seier Rowlands.
Canada tok seks poeng i den sjette omgangen. Då takka også Noreg for seg. Canada vann til slutt 9-2.
Noreg har tapt alle tre kampar til no. I morgon ventar Kina.
