Båtbrann i Kvinnherad sløkt – blir slept til land
Brannvesenet rykka ut med båt frå Husnes til ein brann om bord maskinrommet i ein oppdrettsbåt i Kvinnheradsfjorden tysdag.
– Brannmannskapet er om bord, og brannen er isolert i maskina. Det er starta sjølvslukkeanlegg med CO2-gass som blir pøst inn i maskina, seier Dan Inge Gjesdal i 110 Vest klokka 18.17.
Kring ti minutt seinare blir brannen meldt sløkt.
Det var meldt om to personar om bord i båten då det begynte å brenne. Ingen av desse har fått i seg røyk, og det er ikkje meldt om personskade, seier Gjesdal.
Båten blir no slept til land.
