Frankrike oppmodar Israel og Libanon til diplomati
Frankrikes president Emmanuel Macron oppmodar Israel til å gå inn i direkte samtalar med Libanon, melder nyheitsbyrået AFP.
Macron tilbyr å vere vertskap for forhandlingar i Paris.
Hizbollah gjekk til angrep mot Israel etter drapet på Irans øvste leiar Ali Khamenei, og Israel har sidan svart med fleire luftangrep i Libanon.
Det har ført til at 634 menneske er drepne og 1.586 såra i israelske angrep så langt, ifølge styresmaktene.
Dei siste døgnet har tolv helsearbeidarar, mellom dei legar, sjukepleiarar og ambulansepersonell, blitt drepne i eit israelsk angrep mot eit helsesenter sør i Libanon, opplyser helsedepartementet i Beirut.
