USA: Angrep over 90 militære mål i Iran
USA seier dei gjennomførte eit stort angrep mot øya Kharg i Iran, opplyser den amerikanske sentralkommandoen. Det melder Reuters.
Ifølge kommandoen blei over 90 iranske militære mål ramma i angrepet.
Kharg ligg i Persiabukta, og er Irans viktigaste oljeeksportterminal og handterer det meste av landets oljeeksport.
USA har uttalt at dei angreip militære mål på øya, ikkje oljeanlegga.
Samstundes har Irans revolusjonsgarde trua med å angripe amerikanske mål i Dei sameinte arabiske emirata, som svar på angrepet på Kharg.
