Videodømming offisielt godkjent
IFA, som bestemmer reglane i fotballen, vedtok i dag samrøystes å gjere videosystemet VAR permanent. Det betyr at det etter alt å dømme blir brukt under fotball-VM til sommaren, men det er FIFA som må gjere det endelege vedtaket der. UEFA har valt å ikkje ta det i bruk enno.