Solskjær får skryt av Beckham
![Solskjær får skryt av Beckham](https://gfx.nrk.no/4dLvf8ItlhNzguH3wjYZiwhXf1KVGKyhl0wjFFGH8yqg.jpg)
– Eg synest han har gjort ein god jobb. Han gjer som sjefen (Alex Ferguson) og er positiv til spelarane, seier David Beckham om Ole Gunnar Solskjær.
– Ferguson kritiserte aldri ein spelar frå eigen klubb. På det området er Ole akkurat lik, seier Beckham til Sky Sports.
– Fansen står bak han fordi han er ein flott person, og alt han har gjort for Manchester United opp gjennom åra, seier den tidlegare United-legenda.
United har sju kampar på rad utan tap, og klubben har eit håp om å kome inn blant dei fire beste i Premier League før sesongen blir avslutta i mai.