Pasient kutta to tilsette på akuttmottak
Ein person skal ha kutta to tilsette på akuttmottaket på Førde sentralsjukehus i Vestland laurdag føremiddag. Vedkomande var ein pasient til behandling, men skal plutseleg ha sprunge ut frå akutten, melder Firda.
– På veg ut skal pasienten ha vore borti og rispa to tilsette. Det er litt usikkert kva gjenstand vedkomande har brukt, men det kan ha vore eit barberblad, seier operasjonsleiar i politiet Frode Kolltveit til NRK.
Begge dei tilsette måtte sy, men det skal ikkje vera snakk om alvorlege skadar.
Tilsette og politi fekk kontroll på pasienten utanfor inngangen etter kort tid.