Demonstrasjonar i Tyrkia etter at nyvald ordførar blei fråteke posten
89 personar er gripne i Tyrkia for å ha delteke i det styresmaktene kallar ulovlege demonstrasjonar til støtte for ein nyvald prokurdisk ordførar, skriv NTB.
Dei lokale valstyresmaktene klarte å hindre at nyvalde Abdullah Zeydan blei teken i eid som ordførar i byen Van.
Valstyresmaktene hevdar Zeydan har kriminelt rulleblad, og aldri burde få stille til val.
Han skal ha fått 55 prosent av stemmene i søndagens lokalval. Partiet han seier dei vil gå rettens veg for å få gjort om avgjerda.
Kandidaten frå president Erdogans parti blei nummer to med 27 prosent av stemmene.