Tiltalte hamna på same avdeling i fengselet under rettssak
19-åringen som er ein av dei tiltalte for grovt ran av artist blei sett i varetekt under rettssaka i Trøndelag tingrett for å sikre at han møtte i retten onsdag.
I fengselet hamna han på same avdeling som to av dei andre tiltalte, ein svenske og ein 25-åring frå Austlandet.
– Dette synest eg er prinsipielt uheldig.
Det seier forsvararen til 19-åringen, Siv Aida Rui.
19-åringen fortalde Rui om dette på onsdag og forsvararen varsla retten om dette.
Difor blei det haldt eit møte mellom dommarane, alle forsvararane, aktoratet og bistandsadvokaten i framkant av oppstart i retten torsdag.
19-åringen kom for seint til retten dei to første dagane og det blei avgjort at han skulle varetektsfengslast for å sikre at han møtte opp til si forklaring neste dag.