Vipers lett til semifinale
Vipers er klar for semifinale i sluttspelet etter å ha vunne den andre kvartfinalen mot Fredrikstad med 40-29 sjølv om laget sleit innleiingsvis.
Heimelaget beit seg fast og låg berre tre mål bak til pause med 16–19.
Laget klarte å tette igjen bakover, og kvarteret før slutt var leiinga oppe i sju mål. Til slutt drog Vipers frå, og det enda med 40-29-siger til Kristiansand-laget.
I den andre kvartfinalen tysdag slo Molde Byåsen 29-24. Dermed står det 1-1 i kampar, og det må ein tredje kamp til.