Trump om skytinga i Minneapolis: «Svært uheldig hending»
Tysdag er USAs president Donald Trump i Iowa for å starte valkampen for fleire politiske verv i delstaten.
Der skal han eigentleg snakke om energi og økonomi.
Trump omtalar skytinga der Alex Pretti blei drepen av føderale immigrasjonsagentar i Minneapolis i helga som «svært uheldig».
Trump sa at han ikkje hadde høyrt alle detaljane i saka, men la til at ein ikkje bør møte opp med våpen.
– Eg likar ikkje at han hadde pistol eller to fulle magasin, sa Trump.
Styresmaktene i delstaten har ikkje stadfesta opplysningar om magasin eller anna utrusting.
Pretti hadde våpenløyve, og ifølge opptak fleire medium har verifisert blei at våpenet tatt frå han før han bli skoten og drepen.

