Danmark og Frankrike imponerte
Danmark og Frankrike tok to solide sigrar i gruppe A i handball-EM. Frankrike knuste Slovenia 27-17, medan Danmark litt seinare på kvelden slo Montenegro med 28-19. Begge laga er klare for mellomrunden, og skal møtest innbyrdes tysdag. I gruppe C slo Ungarn Serbia 38-26, og Kroatia slo Nederland 27-25.